Viser innlegg med etiketten konsekvens. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konsekvens. Vis alle innlegg

onsdag 15. april 2020

Konsekvensar

alt har konsekvensar

til kvar einaste handling
høyrer det eit ekko
mellom usynlege fjell,
ein overtone og ein undertone

ting kan gå begge vegar;
det du gjer
kan setje i gong handlingar
som gjer verda betre

det du gjer
kan setje i gong handlingar
som fører til undergang

intensjon er ikkje alt,
for lyden av eit ekko
kan ingen stanse


fredag 13. september 2013

Uventa utgong



Vi stivna til stein
ved først glytt av sol,
heilt uventa
Det kom som sommarsnø
og rørslene vi stivna i
var slett ikkje planlagde;
Blikket ditt
like stort og tomt som mitt –

Vi – som trudde vi var av dei gode,
av dei som streva etter det som var rett
og bra for dei fleste

og så var det vår fasade som krakelerte
i lysglansen, og våre kroppar
som sakte vart sedimenterte – ytst til inst,
til berre ein liten kjerne
av tåpeleg anger
låg att

Kven skulle trudd

onsdag 5. desember 2012

Eld



Eg ser ned på fyrstikka,
den vesle trepinnen
i mi eiga hand
- At noko så lite
kan gjere så store ting

Eg er glad
sjølv om frykta er større

Forundra ser eg på elden
- Du er min, seier eg
Eg skapte deg sjølv,
med denne, seier eg
og held opp fyrstikka

Viftar den mot flammane,
men ingen vert imponert

- At ein kan skape noko
ein rår så lite med,
tenkte eg,
før eg la på sprang

Fyrstikka låg att i skogen