ein stein som fell frå eit fjell
er ikkje farleg,
det frie fallet nedover stupet
og eit djupt drønn
når stein møter stein
det er ikkje farleg
fleire steinar vert med, renn saman
i venskapleg kappestrid
over tuer og jord - som vert med
og du står og ser på og veit
det er ikkje farleg
heile raset buldrar nedover fjellsida no
og røyken veltar gjennom skogen under
snart brekk trea som fyrstikker
og røtene vert kasta rundt og rundt
og raset er blitt eit rasande tog av tore
det er endå ei eng mellom deg og raset
så det er ikkje farleg
det er ikkje det, steinar som renn
i eit brølande kor er ikkje farlege
først når bakken rundt deg løyser seg opp
og jorda sklir ut
og dei første steinane smell i bakken rundt deg
og du sjølv er midt i raset
er det farleg
og for seint
Viser innlegg med etiketten stein. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stein. Vis alle innlegg
lørdag 30. mai 2020
søndag 15. mars 2020
Bergkrystallevolusjon
krypande sand
ein ørken av sandkorn på flukt
kravlar rundt i det store landskapet
utan mål, meining eller intensjon
klyngjer seg saman
til stadig større einingar
vert ei steinur midt i det aude,
eit sidelengs flatmarksras
rumlande blokker
glatte av ørkenregn og polerande sol
byggjer seg opp
til kvadratiske pyramidar
stein på stein, blindt skjelvande
av ei kraft dei ikkje kan forstå
noko som dreg dei saman
og byggjer dei saman til noko større, betre
heilt av seg sjølv
(står det her i boka mi)
og slik vart pyramidane til
ein ørken av sandkorn på flukt
kravlar rundt i det store landskapet
utan mål, meining eller intensjon
klyngjer seg saman
til stadig større einingar
vert ei steinur midt i det aude,
eit sidelengs flatmarksras
rumlande blokker
glatte av ørkenregn og polerande sol
byggjer seg opp
til kvadratiske pyramidar
stein på stein, blindt skjelvande
av ei kraft dei ikkje kan forstå
noko som dreg dei saman
og byggjer dei saman til noko større, betre
heilt av seg sjølv
(står det her i boka mi)
og slik vart pyramidane til
mandag 24. februar 2020
Stein?
kva gjer denne steinen her?
altså, akkurat denne steinen,
akkurat her?
berre ligg i ro
som steinar ofte gjer,
men på ein provoserande måte,
liksom smiler med plirande auge, spottande
utfordrande
- våg å flytte meg --
ja, kva gjer denne steinen her
så langt frå fjellet
så langt frå steinrøysa i fjellsida,
liksom flytande oppå molda
som ein tankbåt på ope hav - tung i sjøen
ei seig masse
urørleg
forsteina
stille
å, så vill ein kan bli i blikket
av slike provokasjonar;
kva gjer du her, vesle stein?
har du ikkje ein annan, betre stad å vere?
hm?
altså, akkurat denne steinen,
akkurat her?
berre ligg i ro
som steinar ofte gjer,
men på ein provoserande måte,
liksom smiler med plirande auge, spottande
utfordrande
- våg å flytte meg --
ja, kva gjer denne steinen her
så langt frå fjellet
så langt frå steinrøysa i fjellsida,
liksom flytande oppå molda
som ein tankbåt på ope hav - tung i sjøen
ei seig masse
urørleg
forsteina
stille
å, så vill ein kan bli i blikket
av slike provokasjonar;
kva gjer du her, vesle stein?
har du ikkje ein annan, betre stad å vere?
hm?
Etiketter:
frustrasjon,
natur,
stein,
tøys
fredag 10. april 2015
Orda og jorda #5
onsdag 18. desember 2013
Steintøff
Som forhistoriske
flodhestar
kjem
overskjærssteinane siglande
med ein ro
ingen kan knuse
og mumlar sine
stille ord, stille tankar
mot eit vatn som
alltid lyttar,
alltid gir rom
for dei som ikkje gjer seg til,
men berre er
Det er vi andre, vi
som gøymer oss
bak steintøffe
masker,
og gjerne
utfordrar høgt og lågt
til ein
kappestrid vi ikkje anar rekkevidda av,
vi som snakkar så
fort
at verken vatn
eller stein kan følgje med –
det er vi som
ofte møter vrangsida
av alle ting
og må gje tapt
i møte med
molekyl som har tid
fredag 13. september 2013
Uventa utgong
Vi stivna til stein
ved først glytt av sol,
heilt uventa
Det kom som sommarsnø
og rørslene vi stivna i
var slett ikkje planlagde;
Blikket ditt
like stort og tomt som mitt –
Vi – som trudde vi var av dei gode,
av dei som streva etter det som var
rett
og bra for dei fleste
og så var det vår fasade som
krakelerte
i lysglansen, og våre kroppar
som sakte vart sedimenterte – ytst til
inst,
til berre ein liten kjerne
av tåpeleg anger
låg att
Kven skulle trudd
Abonner på:
Innlegg (Atom)