lørdag 30. mai 2020

Det er ikkje farleg!

ein stein som fell frå eit fjell
er ikkje farleg,
det frie fallet nedover stupet
og eit djupt drønn
når stein møter stein

det er ikkje farleg

fleire steinar vert med, renn saman
i venskapleg kappestrid
over tuer og jord - som vert med
og du står og ser på og veit
det er ikkje farleg

heile raset buldrar nedover fjellsida no
og røyken veltar gjennom skogen under
snart brekk trea som fyrstikker
og røtene vert kasta rundt og rundt 
og raset er blitt eit rasande tog av tore

det er endå ei eng mellom deg og raset
så det er ikkje farleg
det er ikkje det, steinar som renn
i eit brølande kor er ikkje farlege

først når bakken rundt deg løyser seg opp
og jorda sklir ut
og dei første steinane smell i bakken rundt deg
og du sjølv er midt i raset
er det farleg

og for seint


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar