vegen ut den lysande porten
som ingen av oss andre sansa såg visste
var ei flate ei hinne ugjennomtrengeleg luft
utan kjenneteikn
som skilt eller milestolpar
striper langs grøftekanten
eller sesamord i antikk steinskrift det berre var
som eit ingenting
mot ingenting
noko bak ryggane våre, eit lysglimt, eit skjær av gull
langs fjellryggane
elles ingenting
elles ikkje noko me kunne ane
anna enn eit mørke, eit skjult rom, ei ukjent kraft
og vegen ut låg stengt usynleg for auga, urørleg for sinnet
og du rørte ved flata
med fingertuppane
trakk verda saman smelta alt til dette eine punktet eit punktum
nærast
for mørket
og ropte så hjartet smuldra opp i tusen bitar, fall, fell
som regn over marka
gjennom tida
strekk regnet seg gjennomholar mørket knuser det uknuselege
opnar det skjulte, det stengte det uopnelege
som no
er ein veg
du kan bere meg på
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar