lørdag 16. mai 2020

Våre konstruksjonar

det er meg du snakkar til, eg som høyrer
harmonerer alle høyrsletonane 
med mi indre verd - metafysiske utgåver
av den verda eg ville vere i
om alt hadde vore på mine måtar

du som snakkar, du som konstruerer dine ideal
som usynlege bilete omgjort til lyd
i det store rommet mellom atoma
går desse bølgjene som dansande dansarar
inn i hovudet - ein rekonstruksjon bygd i tornado

alle bitane fell på plass, passar inn i spelet
men alltid annleis enn alle gongar før
og alle gongar sidan
ei slags nullstilling i forhold til notida
som ingen kan sleppe unna

så eg
stoppar

du stoppar
ser på meg
eg på deg

samanliknar desse våre bygningar
desse våre byar og land
og let dei kryssande grensene
bli ein felles stad å kalle heime


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar