eg hadde gått der mange gongar før
på fottur gjennom forvridde og tause fjellbjørkeskogar
og myrlendt terreng
i fjellsida på kanten av myra
låg det svære kampesteinar,
truleg restar av gamle ras
og isen sine herjingar i landet
akkurat denne morgonen
kom heile myra litt brått på,
for skodda dekka viddelandskapet,
og då den milde austavinden sette inn
og tok med seg tåka til havs,
gjekk det på få minutt
og plutseleg stod eg der
framfor fjellskråninga
og gnei meg i auga
for det var auge som stirra imot
og dei var minst like undrande som mine
og i tillegg noko meir,
ei vag frykt, ein angst for noko ukjent
me delte denne frykta eit par tause sekund,
før steinane igjen fall på plass
og vart berre steinar att
men blikket bar eg med meg vidare
Viser innlegg med etiketten troll. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten troll. Vis alle innlegg
onsdag 8. januar 2020
torsdag 24. august 2017
Ut i eventyret
tre
ting må du ta med deg
ut
i eventyret
mot
til å møte trolla
dei
trampande stampande
alltidulande
ulvane
som
stengjer vegar
lukkar
portar
vil
ha deg til å snu –
du
må våge å møte auga
og
gå på
hjarte
for dei som er såra
og
ligg nede, hjarte
for
dei fortvila og forvilla
og
for dei blinde og
dei
redde
og
deg sjølv
ro
til å trekke pusten
for i eventyret går tida fort –
ingen ber deg sitje ned
og kikke på stjernehimmelen
(om
du då ikkje har med ein guide
som
veit talet på dei alle)
for
i eventyret er uroa
det
aller største
trollet
fredag 13. september 2013
Uventa utgong
Vi stivna til stein
ved først glytt av sol,
heilt uventa
Det kom som sommarsnø
og rørslene vi stivna i
var slett ikkje planlagde;
Blikket ditt
like stort og tomt som mitt –
Vi – som trudde vi var av dei gode,
av dei som streva etter det som var
rett
og bra for dei fleste
og så var det vår fasade som
krakelerte
i lysglansen, og våre kroppar
som sakte vart sedimenterte – ytst til
inst,
til berre ein liten kjerne
av tåpeleg anger
låg att
Kven skulle trudd
Abonner på:
Innlegg (Atom)
