Viser innlegg med etiketten blad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blad. Vis alle innlegg

mandag 28. oktober 2013

Omvelting



haustlauvet gøymer seg i plenen
har gøymespel
i det lange graset – for grasklipparen
har teke vinterferie
og trea er blitt sadistar
og ingenting er som det var
eller skulle vere

at ei omvelting
kan gå så fort –
kven kan fatte det?

ein dag hengje som det friaste blad i Guds natur,
den neste verte tømt for alt liv og forkasta,
slengt vekk som biologisk avfall – noko ubrukeleg
og tørt

kven som helst
hadde gøymt seg vekk
i skjelvande forvirring
og tungsinn
under slike forhold

onsdag 10. juli 2013

Heilt nær



Som små elvar –
Eit elvedelta, kapillærblodstraum
Spreier vedrøyra sine årer utover flata,
deler seg opp i stadig trongare gongar
heilt ut til ytste kanten
Som i vakuum samlar siløyra det heile saman att,
lukkar inn kvart brukande stoff,
leier det inn og vekk
til seinare bruk
- eit maskineri!

Kunne vi komme nærare
desse mekanismane, desse systema
i den levande naturen
Sett kor alle delar heng saman,
og med skjelvande hender rørt ved blada,
klappa trestammen med audmjuke hender –
Ville hjarta banka med større kløkt
og tankane sirkulert – akselerert
mot det skapande vidd
som tenkte alt frå starten
og ikkje sparte på noko
for å få det perfekt