Som små elvar –
Eit elvedelta, kapillærblodstraum
Spreier vedrøyra sine årer utover
flata,
deler seg opp i stadig trongare gongar
heilt ut til ytste kanten
Som i vakuum samlar siløyra det heile
saman att,
lukkar inn kvart brukande stoff,
leier det inn og vekk
til seinare bruk
- eit maskineri!
Kunne vi komme nærare
desse mekanismane, desse systema
i den levande naturen
Sett kor alle delar heng saman,
og med skjelvande hender rørt ved
blada,
klappa trestammen med audmjuke hender
–
Ville hjarta banka med større kløkt
og tankane sirkulert – akselerert
mot det skapande vidd
som tenkte alt frå starten
og ikkje sparte på noko
for å få det perfekt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar