tirsdag 2. juli 2013

Halde meg flytande



Det var noko som rann
frå auga dine
Noko som skein, blenkte i sollyset
Noko eg ikkje klarte la vere
å strekkje meg etter, kjenne på
Smake på

Det var noko som strøymde,
som ein vårflom i sommarlys
Fylte rommet, fylte huset,
med ei heilt ny kjensle, eit nytt nærvær
av glede
nedover kinna, kroppen, utover golvet,
oppover veggar, tvers over taket,
ned trappa og opp på loftet

Det var noko som rann
frå auga dine
og du smilte til meg
ja, du smilte
og eg strekte handa fram, rørte ansiktet ditt,
der alt strøymde fram
og eg visste: Dette kan halde meg flytande
for alltid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar