mandag 8. juli 2013

Oppgjer



Eg gjekk min veg
til endes
Alt som måtte gjerast
vart gjort
og oppgjort
ein gong for alle
gongar
eg trådde feil
No er vegen gått
og skoa slitt –
Frå knea dryssar støvet
som eg børstar vekk
med nyheva blikk
mot horisonten

1 kommentar: