Viser innlegg med etiketten illusjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten illusjon. Vis alle innlegg

søndag 14. juni 2020

Ut av ei boble

det kunne ikkje vare
kviskrar me
med hovuda tett saman,
ei rynke av bekymring
fyller heile horisonten
og ingen slepp unna lyden
frå knuste illusjonar som fell i bakken

for dette barnet
som var fødd med blyant og papir
i dei små hendene
og ei lupe for auga,
barnet som stirra storauga på alle vedunder;
frå mygg til hundar
og svære heisekranar 
og formulerte 
           dei vakraste spørsmål --

kom i dag trampande inn
med attsmelta auge
og eit fullada gevær
i nevane

slo av sikringa
og skaut eit stort utropsteikn
i stoveveggen,
akkurat stort nok
for hjarta våre å søkke fleire nivå 


torsdag 3. juli 2014

Mi eiga sky



Det heile begynte å gå betre
den dagen eg limte sommarbilda
over alle vindauga

No bekymrar eg meg ikkje lenger
over fallande lauv
eller rimet som dekkjer blomar og bed

Og eg klarar meg gjennom
heile Dagsrevyen
utan å felle ei tåre

lørdag 22. juni 2013

Heve blikket



Eg ynskjer å lyfte blikket

Ikkje som i: Frå bakken mot skyene,
snarare tvert om

Eg ynskjer å heve blikket
opp frå jordoverflata,
vinne høgdemeter
som i ein luftballong

Ja, kanskje heve det på akkurat den måten
og la det stige
høgare og høgare
heilt til ingen landegrenser lenger viser
og det er umogleg å skilje hudfargen
til prikkane som vandrar rundt der nede

Og heve det endå høgare,
til eg ikkje kan sjå, om prikkane går inn i
ei kyrkje eller ein moské,
om dei ler eller grin,
om dei er ferske i livet eller skjelvande går mot livskvelden

Eg er fortsatt ikkje fornøgd,
endå litt høgare vil eg nå,
til ei høgde som ikkje smertar;
så høgt, at alt eg ser skje mellom prikkane
ser ut som samspel
og leik –