Viser innlegg med etiketten sky. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sky. Vis alle innlegg

torsdag 5. mars 2020

Sky

til middag i dag:
ei sky   -    ei regnvérssky med glasur
av spreidde soldråpar  

dessverre er me tomme for soldråpar,
difor vert det husets spesial i dag:

ei regnvérssky



søndag 5. oktober 2014

torsdag 3. juli 2014

Mi eiga sky



Det heile begynte å gå betre
den dagen eg limte sommarbilda
over alle vindauga

No bekymrar eg meg ikkje lenger
over fallande lauv
eller rimet som dekkjer blomar og bed

Og eg klarar meg gjennom
heile Dagsrevyen
utan å felle ei tåre

torsdag 24. oktober 2013

Aleine



ei einaste einsam
sky som siglar
stille som stilla sjølv

sakte siglar skya
i ingenmannsland
til timane tagnar,
der dagane dalar

stemplar sitt smertesymbol;
eit eventyr eller ein einsam epistel
underleg urform – usanseleg uro

alltid aleine –