Det
heile begynte å gå betre
den
dagen eg limte sommarbilda
over
alle vindauga
No
bekymrar eg meg ikkje lenger
over
fallande lauv
eller
rimet som dekkjer blomar og bed
Og
eg klarar meg gjennom
heile
Dagsrevyen
utan
å felle ei tåre