det kunne ikkje vare
kviskrar me
med hovuda tett saman,
ei rynke av bekymring
fyller heile horisonten
og ingen slepp unna lyden
frå knuste illusjonar som fell i bakken
for dette barnet
som var fødd med blyant og papir
i dei små hendene
og ei lupe for auga,
barnet som stirra storauga på alle vedunder;
frå mygg til hundar
og svære heisekranar
og formulerte
dei vakraste spørsmål --
kom i dag trampande inn
med attsmelta auge
og eit fullada gevær
i nevane
slo av sikringa
og skaut eit stort utropsteikn
i stoveveggen,
akkurat stort nok
for hjarta våre å søkke fleire nivå
Viser innlegg med etiketten røyndom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten røyndom. Vis alle innlegg
søndag 14. juni 2020
fredag 6. mars 2020
Science fiction
science fiction er det same som
parallell røyndom
som er det same som
eit anna liv
eit anna liv er det same som
noko eg endå ikkje har opplevd
som er det same som
spennande eventyr
spennande eventyr er det same som
ei reise til ein annan stad
som er det same som
å setje seg i bilen og køyre vekk
å køyre vekk er det same som
tur
som er det same som
utflukt
utflukt er det same som
det me drøymer om når me tenkjer på helg
som er det same som
vår eiga fritid
med andre ord
vår eiga fritid er det same som
science fiction
så slik har me det
parallell røyndom
som er det same som
eit anna liv
eit anna liv er det same som
noko eg endå ikkje har opplevd
som er det same som
spennande eventyr
spennande eventyr er det same som
ei reise til ein annan stad
som er det same som
å setje seg i bilen og køyre vekk
å køyre vekk er det same som
tur
som er det same som
utflukt
utflukt er det same som
det me drøymer om når me tenkjer på helg
som er det same som
vår eiga fritid
med andre ord
vår eiga fritid er det same som
science fiction
så slik har me det
Abonner på:
Innlegg (Atom)