Viser innlegg med etiketten JLS-kunst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten JLS-kunst. Vis alle innlegg

søndag 21. februar 2016

Uventa


vinden midt i mørket
ein tornado av framand hjartelag
over eit kulturlandskap
utarbeidd, tamd og dyrka
gjennom hundreåra

lyset frå nye vinklar,
kaskadar av englevinger
dekkjer landskapet 
med nye tonar, nye songar
uventa ord frå ein framand dimensjon

mørkret vik for vinden
hjartelaget temmer landskapet
og hundreåra svinn
som framande songar frå hjartet,
og etterpå, i stilla
er blikket vendt - og landskapet 
nyskapt i lyset

fredag 3. januar 2014

Engel



eg veit ein engel
med plass til mange
mørke dagar, mørke tankar
under vengjene sine –

han gøymer dei
vekk for verda
og bringer dei dit
slike dagar høyrer heime

og eg sit att
med eit smil om munnen
og ser at lufta har fått ein annan glans
der han stod



fredag 13. desember 2013

Former og fargar




ein dag eg sat og teikna,
kosa meg med former, fargar

begynte teikningane plutseleg å snakke
og det var ikkje nokon hyggeleg dialog;

berre høyr, sa gul til dei andre,
viss de alle var gule, ville arket sette finare ut!

og alle sirklane trekte seg vekk,
dei andre var ikkje gode nok, runde nok –

trekantane skulte på firkantane, og mumla
…skulle ynskje vi var som dei…

og så var det dei raude firkantane
som klaga over at eg teikna dei for små

og dei blå
som gjerne ville vere mindre

og dei lilla parallellogramma
skulle gjerne vore meir lilla

og dei grøne ville gjerne vere rosa
og dei rosa ville vere grå

kvadrata lo av rektangla,
som på si side pressa seg saman
og prøvde å bli som dei

og eg, den fortvila teiknaren
såg alle formene og fargane eg hadde teikna
tørne saman i ein kamp på eksistensnivå –

eg hadde lyst til å krølle heile arket saman
og kaste det langt vekk;

det einaste som hindra meg
var dei fredelege ovalane

som strekte seg ut, la seg side ved side
og danna ein regnboge

og eg gav eit løfte, eg skal ikkje krølle dykk saman,
eg skal heller bli ein firkant

og komme og ordne opp
(sjølv om eg anar at det ikkje vert så lett)

tirsdag 9. juli 2013

Vindstille

Eit dikt skrive i vemod, då eg fekk vite at faren til ein god ven døydde tidlegare i dag. Kvil i fred.



Lufta står stille i lungene dine,
og vinden har slutta å kviskre

Flammen brenn ned,
for veiken er slutt
og mørket trengjer seg fram
frå krokar, frå loft, frå fjordane bakom
og skogane rundt

Molda hugsar stega du gjekk,
kvar meter er målt opp,
kvittert;
no må du gje att det du lånte

For oss er du endå ein skugge,
vi ser omrisset av deg
i rommet, på tunet, overalt
der du før høyrde heime

Lufta står stille i lungene dine,
men Herren kviskrar ditt namn