Viser innlegg med etiketten Nyskapt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nyskapt. Vis alle innlegg

søndag 21. februar 2016

Uventa


vinden midt i mørket
ein tornado av framand hjartelag
over eit kulturlandskap
utarbeidd, tamd og dyrka
gjennom hundreåra

lyset frå nye vinklar,
kaskadar av englevinger
dekkjer landskapet 
med nye tonar, nye songar
uventa ord frå ein framand dimensjon

mørkret vik for vinden
hjartelaget temmer landskapet
og hundreåra svinn
som framande songar frå hjartet,
og etterpå, i stilla
er blikket vendt - og landskapet 
nyskapt i lyset

tirsdag 1. desember 2015

Restar av lys



eg ser det i auga dine
og i sporet dei lagar
der blikket flyttar seg
vidare fram langs vegen

glimt av lys
heng ved deg
som refleksar
frå æva

heng fast i kleda dine
som sagmo, fliser av lys
frå ein mektigare verkstad
der mørke hjarte vert dreidde på ny