Viser innlegg med etiketten kalender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kalender. Vis alle innlegg

torsdag 1. januar 2015

Inn fjorden


det er slik eg startar året
slik, sitjande på kanten
av vegen ut til verda

her kan eg kjenne straumen
komme inn fjorden
i rolege tak, og så tilbake

som eit andedrett i fjordlandskapet
går vatnet sine vante vegar
og ensar ikkje kalenderblad og klokke

det er noko trygt ved dette
å sitje her, kjenne større rørsler
enn kjenslene som kjem og går i mitt hjarte -


(Skywatch friday)

tirsdag 24. desember 2013

Barnet som et




Det rolege synet
av barnet som et;
Ein nyfødd baby, eit lite menneske
forsvarslaus, øm og varm
så mørke auge – denne verda er rar,
alt dei ser har han sett
- han kjenner det alt igjen
og sukkar stille
eit sukk så djupt
at det når inn til hjartet hos mora
(Kva tenkjer du på, kva fryktar du no,
vesle ven, vesle menneskebarn?)

Det rolege synet
av barnet som et;
og mora kjenner – meir enn ho veit
at den vesle har verda i hjartet;
og at verda vil stikke det sund –

mandag 23. desember 2013

Jul i hjartet




Golvet er vaska, kakene baka
treet er pynta med kuler og band
Eg sit i ein sofa, les i ei bok
om noko som hendte – i framande land

Det var englar og hyrdar, sauar, eit esel
og to som var einsame, redde i natt
Dei bar på eit håp, dei kyssa eit barn,
sjølve handa til Gud kunne dei gripe fatt

I stova er stille – endå søv borna
og snøen ligg roleg i skogen
Eg faldar to hender, eg formar to ord
“kom inn”, for hjartet er mogen

søndag 22. desember 2013

Montasje




molekyltåke, atom på atom
i ordna rekkjer, pusla saman
stabla og montert
eitt her, eitt til, eitt der
montere, montere, montere

montere

til alle saman er riktig plassert
i puslespelet,
til alle har funne sin plass
i spelet, maskineriet

fiks ferdig montert
ei celle
eit knips
og den startar si rørsle,
programmert, stilsikker, klikk, klikk, klikk
ikkje noko klikkar
ikkje noko fuskar

montasjen er perfekt
perfekt!

DNA, RNA, ribosom, cytoplasma, membran
og meir, meir, meir
lenger inn

koden, montert
ferdig montert
koden som fortel – alt!

slik vert barnet, 23 + 23
frå mor
og dei siste, Y og resten
montert, ikkje som ein straum,
men ved eit skapingsord

Bli kode!
Og det vart kode

og eit barn, inkarnert
ferdig montert
byrjar vekse, byrjar si ferd
mot verda, gjennom sine eigne konstruksjonar

og alt ligg til rette, alt er der
veks – eit resultat av perfekt montasje

og montasjen vart menneske
fekk si form etter sin eigenart
og tok bustad mellom oss

lørdag 21. desember 2013

Stilleben









Kvinna søv på eselryggen
Mannen står stødig, midt i steget
Held beiselet i sine grove hender,
merka av slit, av støv, av feilslag

Rundt dei er det kveld,
endå er ikkje månen full
og mørkret omsluttar dei tre på vegen,
hyllar dei inn i sitt tause teppe

Bakken er varm, sanden er mjuk
Så mange føter har traska her før
Så mange menneske på vegen,
uvitande om kven dei passerer i hast

Trea i bakgrunnen er stille
Ikkje eit vindpust kan merkast,
ikkje eit einaste drag av sjøluft eller ørkenvind
når fram til dei tankefulle tre

Bildet er idyllisk, det oser av omsorg
og fred, men innunder huda finst stormen
Den rasar sin veg gjennom mannen sitt sinn
og bølgjer som opprørt hav

Så mange tankar, så mange omsyn!
Eit liv som plutseleg snur
Tenk om… ein tanke, men vender seg bort
Ser på kvinna, og smiler med auga

Tre dagar att – til Betlehem,
Eit esel, ei kvinne, ein mann
Og eit barn, endå sovande, ventar;
Det handlar om han, berre han