kva tenkjer du no
undrar eg
ser ut på landskapet
så annleis frå denne vinkelen
eg kjenner ikkje att skogen, fjorden, fjella, ørkenen
alt er som før
berre borte, skjult
for auge som ikkje lenger er verkelege auge
men avgrensa luker mot verda
kva tenkjer du
der du fortsatt er
og ser den eg er blitt
-
det er spor etter mine eigne hender
eg går i,
så merkeleg det enn er
å stige inn i sitt eige bilde
men det er dette eg vil,
eg har eit mål
og eg veit du ser stega mine
og leier meg heile vegen tilbake til deg -
Viser innlegg med etiketten inkarnasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten inkarnasjon. Vis alle innlegg
torsdag 5. desember 2019
søndag 5. august 2018
søndag 22. desember 2013
Montasje
molekyltåke,
atom på atom
i
ordna rekkjer, pusla saman
stabla
og montert
eitt
her, eitt til, eitt der
montere,
montere, montere
montere
til
alle saman er riktig plassert
i
puslespelet,
til
alle har funne sin plass
i
spelet, maskineriet
fiks
ferdig montert
ei
celle
eit
knips
og
den startar si rørsle,
programmert,
stilsikker, klikk, klikk, klikk
ikkje
noko klikkar
ikkje
noko fuskar
montasjen
er perfekt
perfekt!
DNA,
RNA, ribosom, cytoplasma, membran
og
meir, meir, meir
lenger
inn
koden,
montert
ferdig
montert
koden
som fortel – alt!
slik
vert barnet, 23 + 23
frå
mor
og
dei siste, Y og resten
montert,
ikkje som ein straum,
men
ved eit skapingsord
Bli
kode!
Og
det vart kode
og
eit barn, inkarnert
ferdig
montert
byrjar
vekse, byrjar si ferd
mot
verda, gjennom sine eigne konstruksjonar
og
alt ligg til rette, alt er der
veks
– eit resultat av perfekt montasje
og
montasjen vart menneske
fekk
si form etter sin eigenart
og
tok bustad mellom oss
Abonner på:
Innlegg (Atom)
