Kvinna
søv på eselryggen
Mannen
står stødig, midt i steget
Held
beiselet i sine grove hender,
merka
av slit, av støv, av feilslag
Rundt
dei er det kveld,
endå
er ikkje månen full
og
mørkret omsluttar dei tre på vegen,
hyllar
dei inn i sitt tause teppe
Bakken
er varm, sanden er mjuk
Så
mange føter har traska her før
Så
mange menneske på vegen,
uvitande
om kven dei passerer i hast
Trea
i bakgrunnen er stille
Ikkje
eit vindpust kan merkast,
ikkje
eit einaste drag av sjøluft eller ørkenvind
når
fram til dei tankefulle tre
Bildet er idyllisk, det oser av omsorg
og
fred, men innunder huda finst stormen
Den
rasar sin veg gjennom mannen sitt sinn
og
bølgjer som opprørt hav
Så
mange tankar, så mange omsyn!
Eit
liv som plutseleg snur
Tenk
om… ein tanke, men vender seg bort
Ser
på kvinna, og smiler med auga
Tre
dagar att – til Betlehem,
Eit
esel, ei kvinne, ein mann
Og
eit barn, endå sovande, ventar;
Det
handlar om han, berre han

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar