høyrer du tonane i natta
det er hjarta som bankar og lengtar
spelar
sine melodiar i eit univers
som
verkar altfor stort
altfor
vidt, altfor … uendeleg
til
å kunne gje svar på våre spørsmål,
eller
gje meining til våre liv
høyr
tonane, kor sørgmodige dei er
det
er hjarte som syng i moll
ein
serenade for barndomens håp
eit
requiem for vår felles framtid
ein dag vil sola slokne
ein dag vil alt stoppe opp
og jorda gå under i varme
eller kulde – helst det siste
historia sett i lys av våre svik –
høyr
hjarta
kor
dei ropar etter meining
syng
sine lengtande tonar
ut
i det ukjente
er
det noko meir
er
dette alt
og
høyr ekkoet, undertonane
som
blandar seg inn i vår song
eit
svar frå andre dimensjonar
frå
ein stad vi ikkje kjenner
og
syng våre lengslar om
til
ei glede, ei tru – optimisme
for
notid og framtid
høyr,
våre sørgjesongar har stilna
no
syng vi ein song om håp

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar