viss
eg var ein engel i englekoret
som
song over marka
ein
ukjent song, ein ny melodi
som
ingen endå kjente –
då
ville eg sett med store auge
på
alle menneska som fortset å gå
med
auga feste i bakken
og
børene tunge på skuldrene
utan
å merke seg ved songen,
utan
å stanse og lytte
og
la seg fylle av gleda
og triumferande juble; eit håp er blitt født!
viss
eg var ein engel som song
og
såg verda frå litt lenger oppe
ville
eg nok undra meg – ei ukjent smerte
over
alle som kan nå det eg aldri kan få
og
likevel snur seg bort

Little Angels, Christmas is on the way
SvarSlettFlott...
SvarSlett