det
begynte som ein gneist i hjarta,
ei
lita glo
som
forsiktig våga å vekse
strekte
seg etter næring i tankevinningane mine,
vaks
seg større på mi lengt
og
forvirra søking etter meining
og
håp i tilværet –
gloa
vart ein flamme,
nært
av rusk og rask i sjela,
ting
eg gjerne ville bli kvitt (utan at eg visste det sjølv)
og
brann det stadig nærare grunnen
dag
for dag
og
ein dag vil flammane slikke oppover innerveggane
og
alt anna vil vere vekke –
berre
flammen er att
og
Han som eig flammen
vil
vere alt for meg


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar