eg
set stjerna på toppen av treet
let
den spreie sitt lys utover stova
saman
med alle julelysa
som
brenn sine stille flammar i vinternatta
ein
einsleg stråle finn vegen
frå
stjerna – til meg
borar
seg veg inn til hjartet
skriv
sitt bodskap med gullskrift
det
var ikkje dette du ville gjort
det
var ikkje dette du tenkte
det
var ikkje dette du ynskte –
men
det var akkurat dette
du
trong
barnet
i krybba smiler til meg
det
svarte i meg krympar
gullskrifta
lyser
det
er dette, akkurat dette, eg treng

Så fint!
SvarSlettDu har øyne for detaljer og en kjempefin blogg!