Eg ynskjer å lyfte blikket
Ikkje som i: Frå bakken mot skyene,
snarare tvert om
Eg ynskjer å heve blikket
opp frå jordoverflata,
vinne høgdemeter
som i ein luftballong
Ja, kanskje heve det på akkurat den
måten
og la det stige
høgare og høgare
heilt til ingen landegrenser lenger viser
og det er umogleg å skilje hudfargen
til prikkane som vandrar rundt der
nede
Og heve det endå høgare,
til eg ikkje kan sjå, om prikkane går
inn i
ei kyrkje eller ein moské,
om dei ler eller grin,
om dei er ferske i livet eller skjelvande
går mot livskvelden
Eg er fortsatt ikkje fornøgd,
endå litt høgare vil eg nå,
til ei høgde som ikkje smertar;
så høgt, at alt eg ser skje mellom
prikkane
ser ut som samspel
og leik –
Vakkert
SvarSlett