Eg spring over eit fjell
Eg går gjennom ein dal
Ei kvinne står under treet og ventar
På månen og sola, at stjerner skal
lyse
At plantar skal vekse og gro
Eg sym over havet
Eg kryp gjennom ørken
Ei kvinne sit under treet og tenkjer
På alt det ho hadde, og alt ho vil få
At nokon skal bygge ei bru
Eg klatrar i berga
Eg rømer frå elden
Ei kvinne ligg under treet og syng
Om dagar i stille, melodiar som flyt
Som ei rennande elv gjennom verda
Eg kastar meg ned, med fjeset i molda
Pustar ut mine svartsvidde fuglar
Ei kvinne har opna ei hand under treet
Og auga dei glitrar som stjerner i
natt
- Så møttes vi endeleg – lov at du aldri vil
gå!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar