Langt der ute, i rommet
svevar ein romsonde
Ein blind metallklump
med berre eitt mål:
Hente informasjon tilbake
til dei som sende han ut
Helst i biletform – for vi vil vite:
Korleis ser det ut der ute, eigentleg?
Og vi får det til,
for bileta strøymer tilbake
og gir oss det vi vil ha, meir enn
noko;
informasjon –
Av dette kan vi rekne ut,
trekke saman raude trådar
og konkludere
på mange vis
Først og fremst, kanskje,
den basale lærdom
at verda, sett under eitt
kan erobre universet
Samtidig som vi – på nærare hald
ikkje klarar å forklare
eller innsjå
vår neste sine behov –
Det er sant!
SvarSlettViktige tankevekkande ord!!
God helg i heimen :-)