fredag 14. juni 2013

Marionett



Det mørke lokalet er stille
Dørene knirkar svakt når vi opnar,
ser inn i den støvfulle lufta

Her er inga rørsle, ikkje noko liv,
det er som å vandre i avstengte kammer

Frå taket heng trådar;
Fine silketrådar, tett i tett
Dei blafrar stille i den svake trekken frå døra,
og glitrar i sollyset vi slepte inn

Spindelvev raknar av rørsla,
vert hengande som krølla band
mellom trådane

Vi trår forsiktig over golvet,
ekkoet frå skoa kjem tilbake frå alle kantar
Omringar oss
Eit gys dirrar gjennom ryggrada,

i dét vi ser:
På golvet, under trådane,
ligg ein skikkelse, livlaus og kald

Det er ei dokke, kviskrar du stille,
ein marionett,
den må ha falt ned
(Eg ser mot dei avrivne trådane)

Det er berre så vidt eg høyrer orda dine,
så stille snakkar du,
og peikar til venstre:

På veggen står skrive
I mørkeraudt, koagulert
Ein bodskap, heilt fri for tolking:
Fridom har alltid ein pris

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar