Det renn ei elv gjennom verda,
ein evig straum
frå ei kjelde bortanfor tid og rom
Det renn ei elv – frå urtids-fjellet,
dei stødige tindar,
eit mektig massiv over støvet
Det renn ei elv, ein frisk og helande
straum
som eit framandelement
gjennom vår golde ørken
Det renn ei elv, frå den evige trona
Ei elv av tilgjeving og nåde;
Oppreising for den som har falt
Det renn ei elv, det renn ein straum
Det finst ei kjelde til liv,
her, blant
oss som er merka av døden
Det renn ei elv gjennom verda,
ein evig straum
med vatn for kvar som vil ha –
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar