Alle spora – etter menneske
som har trakka seg veg gjennom hjarta
mitt
Sett sine spor,
forma meg til den eg er
Alle spora – etter menneske
som har pusta sine milde vindar
over vegen eg har gått;
Latt graset gro, latt blomar spire,
Latt svalande vatn fukte mi panne
Tørka tårene bort frå mitt kinn
Og dei mørke spora,
etter dei som putta meg i bås
og ville forme meg – i sine bilete
Alle spora,
ja, alle merka
eg ber med meg
som heidersteikn og minnesmerke
om godt og vondt
om dei eg vil likne
og dei eg ikkje vil bli –
Nydelig !!
SvarSlettJa alle har vært med å forme oss til den vi er i dag. Både godt og vondt :)
Ønsker den en hærlig dag
Klem fra Siv
Godt sagt! Det er slik det er.
SvarSlettVeldig bra!
SvarSlettIgjen!
Takk :-)