onsdag 5. juni 2013

Verditing



Han brukte all si tid
på huset og bilen og båten
og hytta
Utvida, fornya, forbetra
Høgare standard, meir komfort

Og bankkontoen – den skulle vekse
Renter og aksjar
Den høge pensjonen
- Det skulle bli mykje, ja, mykje meir

Ei natt i oktober, ei natt utan vind,
utan regn, under klare stjerner
og blikkstille vatn
Sovnar han inn – utan dramatikk

Huset vert selt, og bilen og båten
og hytta
Pengane, også dei på konto,
vert gitt bort, til Røde kors

Det einaste barna beheld,
er eit foto frå fjellturen i 1974
- den gongen han heldt rundt dei
med trygge armar
Og smilte til kamera –

3 kommentarer:

  1. Tankevekkende betraktning. Så viktig å sette fokus på de egentlige verdier i livet. For ingen kjenner dagen...

    SvarSlett
  2. Du formidlar så bra !!

    Mvh Marie/MT

    SvarSlett