Eg ligg på magen i graset
Omgitt av løvetann, skinnande sol
Ser på den vesle jenta:
Ho spring att og fram
Trippar, dansar, set seg på huk
Plukkar ein sprikande bukett
Kjem attende
Smilande – rekkjer den fram
i to gule, klissete nevar
Tyngda av gleda --
-- kan eit hjarte bli knust av den?
Du skriv heilt nydelege tekstar! Har vore inne fleire gongar og lest, men hugsar ikkje om eg har kome så langt at eg har kommentert. I alle fall treff dei fleste tekstane meg heilt, takk for at du deler! Eg trur nok ikkje hjartet kan bli knust av glede, men det kan kjennast slik av og til :)
SvarSlettSå vakkert,både bildet og teksten!
SvarSlettVakkert!
SvarSlettKrásna fotografia!
SvarSlettNydelige bilder og flotte treffende dikt ! Du inspirerer ! ;)
SvarSlett