Eg ynskjer å senke blikket
Ikkje som i: La det synke mot bakken i
mismot,
Snarare tvert om
Eg ynskjer å senke blikket
mot dei små detaljane i verda,
studere molekylstrukturane i samfunnet
som under eit mikroskop
Ja, kanskje senke det på akkurat den
måten
og zoome inn
nærare og nærare
heilt til eg skjelnar nyansane i
sjelene
og trengjer bak overflata, huda
heilt inn bak dei finpussa fasadane
Og senke det endå djupare,
til eg ikkje kan sjå om tankane som
svevar
er mine eller dine
om det er mitt hjarte eller ditt,
om det eg held i handa, er eigd –
eller fritt
Eg vil endå litt djupare endå,
sjela har fortsatt ikkje ro,
eg vil inn til eg verkeleg kjenner
smerta;
så nær, at hjartet mitt hyler av pine
når eg ser at min neste
har det vondt –
Takk for kommentar! Nå skal jeg ta en titt på det du "serverer".
SvarSlett