Kan du sjå fargen
på huda mi,
kan du sjå om
auga passar
til draumane
mine,
og spelar det
noko rolle –
når hjartet mitt
bankar
og hjartet ditt
bankar
og begge er tvers
gjennom like?
Verda har mista eit
hjarte –
men hadde du sett
det,
kunne du ikkje
sagt anna om eigaren
enn: Der reiste
eit menneske
Eit menneske –
Eg ser ikkje
lenger huda di,
eg ser ikkje
lenger auga
eller håret
eller kvar i
verda du vart fødd –
eg ser berre
blomane;
ei blømande eng
i kvart menneskehjarta,
og huda er berre
eit trekk
over det vakre
og du har
ein del av æra for det
mister Mandela,
måtte ditt hjarte,
som såg ut
som mitt
men
var så mykje større,
kvile i fred
(The weekend in black and white)
