Viser innlegg med etiketten DNA. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DNA. Vis alle innlegg

lørdag 31. oktober 2020

Eit det blir eit det, men når

når blir treet eit tre -

når kan vatnet me væter jorda med

og den svarte molda me legg frøet i 

bli rekna som ein faktor for ei spire som skal gro

 

når vert spira ei spire,

kva bur i frøet

som me ikkje kjenner -

 

eg plukkar eit frø frå solsikka

og held det i handflata mi,

undrar;

vert du ei rose, du vesle frø

eller ein tiger?

kan du bli eit grantre

om eg berre vatnar deg nok

 

eller vert du ei solsikke

sidan det er det som ligg nedkoda

i dine inste, hemmelege rom --

 

 

lørdag 8. desember 2018

Himmelskipet #8

eit frø i jorda og treet under himmelen
har dette felles:
lyset frå det første ordet
trengjer gjennom
kvar tynne hinne;
byggjer noko nytt av gamalt –

koden i djupet
er eit puslespel
meir intrikat enn mennesketanken
            kan fatte
og tikkar sin jamne gong
gjennom årstidene

byggjer ei framtid
med byggjeklossar frå opphavet


mandag 19. september 2016

Kjeldene #6


handa grip pennen fører den
over ark etter ark etter ark
ei uendeleg rekke med ord
namn
ansikt
kvervlande straumar DNA

kodar for meg kodar for deg
kodar for alle dei skapte
og alle står der
teikna ned
på hjarteveggen opphavsstaden
kjelda til alle kjelder