midt i jakta
stoppar ho opp
føtene står som limt i grusen
skuldrene senkar seg
inn i ei ny stille
auga kviler på den blå himmelen
som fyller ut tomromma
mellom viftane bjørkegreiner
og suset gjennom skogen
fyller øyra
her
akkurat her
vil eg stå
tenkjer ho - ja,
kvifor ikkje her -
det er noko framandt i nettopp denne lufta
denne plassen, akkurat her
og no
finn ho ut
kva det vil seie
å kvile
i det ein har
Viser innlegg med etiketten kvile. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kvile. Vis alle innlegg
mandag 1. juni 2020
fredag 18. mai 2018
Ein pust på nasjonaldagen
kvar
einaste meter ligg lagra
i skosolane
som
ei skrustikke som sakte
festar
grepet
og
varmen trengjer inn til huda
varmar
alt innanfor ullkleda
til
termostaten burde slå seg ut
utan
å gjere det
det
einaste som hjelper då
er
ein pust i bakken,
nokre
minutt i stille ettertanke
og
lite press
på
føter og hud
og
næringstilgangen?
på
slike dagar
er
chips det same som potet
is
det same som vatn
og
pølse det same som fisk –
tirsdag 19. august 2014
Treet
det veks eit tre
bak framande horisontar
dette treet skal du klatre i,
du skal svinge deg opp i greinene
få eit overblikk over verda
som du aldri før har sett
sitte på ei grein, svinge med beina,
kjenne at det er noko anna, noko nytt
så annleis enn dine grå bakgater, dine gjeremål
dine må og bør og skal og viss og om og men
for det er dette som er det verkelege livet,
det er dette du skal gripe tak i, med heile deg
og aldri -
aldri, aldri sleppe taket
fredag 4. juli 2014
Inn i bildet
Eg vandrar
inn
i bildet,
vert
oppslukt
av
det som ventar
innan
for rammene,
bak
laga av trykksverte
og
konturlause draumar
dette
er eit stille rom
for
langtgåande føter,
eit
pusterom, ei flate
eg
kan krype inn i
puste
lange, tunge inn-
puste
ut
–
tirsdag 8. oktober 2013
Stilla
1
det er så stille -
eg kan høyre mine eigne tankar
suse rundt, lande
og slå seg til ro
utan å finne svar
eller forstå kva spørsmålet var
av og til er det nok
å berre vere
2
som i ein kokong
legg eg tankane og strevet til kvile
set deg ned
seier eg til meg sjølv
og set meg
3
du skal tidsnok opp att
og ut
og snart nok måtte arbeide og streve
og tenke - meir enn å vere
kvardagen kjem snart attende
susande som eit prosjektil,
materialisert som noko handgripeleg heilt,
noko det nesten er mogleg å ta på
-
nett no vil eg difor kvile
i det usynlege
(Fototriss)
mandag 3. juni 2013
Parkering
Her vil eg parkere
Tankane mine
Kjenslene mine
Engstingar, tvil
Alt som legg seg som eit støvlag over sjela
Mattar overflata
Gjer verda uttydeleg, sløra
Og meg sjølv – gjennomsiktig og flat
Her vil eg parkere
Meg sjølv
Setje meg på ein benk
Sjå på fuglane, sjå på bilane, bussane
Sjå alt, utan filter
Trekke inn verda, trekke inn livet
Puste ut alt det svarte,
sotet etter brente bruer, brente håp
Parkere alt
Kjenne sekunda tikke mot huda
Kjenne at verda snurrar gjennom æva
Parkere meg sjølv, som ei levande
brikke
midt i skaparverket
(Mitt bidrag til Tina's picstory: P)
Abonner på:
Innlegg (Atom)

