Viser innlegg med etiketten innsjø. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten innsjø. Vis alle innlegg
tirsdag 8. oktober 2013
Stilla
1
det er så stille -
eg kan høyre mine eigne tankar
suse rundt, lande
og slå seg til ro
utan å finne svar
eller forstå kva spørsmålet var
av og til er det nok
å berre vere
2
som i ein kokong
legg eg tankane og strevet til kvile
set deg ned
seier eg til meg sjølv
og set meg
3
du skal tidsnok opp att
og ut
og snart nok måtte arbeide og streve
og tenke - meir enn å vere
kvardagen kjem snart attende
susande som eit prosjektil,
materialisert som noko handgripeleg heilt,
noko det nesten er mogleg å ta på
-
nett no vil eg difor kvile
i det usynlege
(Fototriss)
Abonner på:
Innlegg (Atom)