Viser innlegg med etiketten forhold. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten forhold. Vis alle innlegg

søndag 13. mai 2018

Ei tåre



det kom noko brått
dette – då orda fall
og hjartet fall
og eg
fall på kne, med spørsmåla
som ein panikkslagen flokk
mot strupen

og du
og ryggen din
og korleis forsvinningspunktet
vart mindre og mindre
mot horisontlinja –

berre ei tåre
ei einsam elv over kinnet
er att som vitne
om det som var eit vi


fredag 27. oktober 2017

Det skjer noko her



det som skjer mellom oss
er umogleg å sjå

det er så vidt vi skjønar det sjølv
dette svake skjelvet
gjennom nervane

du
og eg
ein puls i blodet
varme gjennom nervane
du du du
og eg

det er noko her
ei bru som vert bygd
trådar som vert trekt – eit samband
ingen andre kan sjå
eller skjøne

men eg veit
og du veit
og vi veit

vi veit det ingen andre kan sjå

 

fredag 22. mai 2015

Stort i smått



eg tenkjer på kor små vi er
mellom slike høge fjell
djupe fjordar
endelause vidder
med gras, sand, tre, vatn –

kor vi nærast forsvinn
i heilskapen,
vert støvkorn, små prikkar
(som kanskje burde ferdast
med noko mindre fotspor)

kor usannsynleg lite
sannsynleg det er
å bli funnen
på det store kartet
over universet

og likevel vere funnen,
likevel vere elska
likevel ha ein plass, eit rom
i det tidlause, nådige
Gudshjartet