skjult
i djupet
vernar
det mørke, ukjente
sine
løyndomar
våre
stirrande auge
forstår
ikkje det vi ser
for
vi kan berre sjå og sjå
og
ikkje fatte
at undergangen kan komme
på denne måten
at
det mørke vatnet
kan
knuse og øydeleggje
draumane,
håpet, songen
berre
ved å vere der,
som
eit mørkt forsvinningspunkt
bak
det tynne sløret
vi
tenkjer er solide murar –
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar