Viser innlegg med etiketten haustmorgon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten haustmorgon. Vis alle innlegg

mandag 13. november 2017

Haustmorgon #5



som ustyrlege rakettar
susar fuglane forbi i lyset

eit sekund er dei der
så er dei borte

med tolmod ventar eg
på neste glimt av morgondansen



lørdag 11. november 2017

Haustmorgon #3



Haustmorgon #2



trea myser mot lyset
prøver halde det fast
dra det ned

det boblar eit sinne over tap
lauvdrakt og livsårer
borte – eit minne
kveler gleda
låser dei forbitra tankane
inne


Haustmorgon #1



lyset som svevar over bakken
leitar etter fotfeste
i landet det rådde over
før

ei stille fortviling
over vegen det går