Viser innlegg med etiketten hemmeleg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hemmeleg. Vis alle innlegg

mandag 11. mai 2020

Det dansande huset

dørene skrik på hengslene
karmane knirkar i vinden
veggane bølgjer, taket svaiar
golva syng ein eldgamal song

huset dansar
aleine
i forsommarnatta

utanfor blømer blomane
lenger borte bøyer trea seg innover
dannar ein knudrete mur

hit inn
kan ingen menneske komme
no lenger

det dansande huset
er trygt forvart
i skogen si hemmelege eventyrverd