dørene skrik på hengslene
karmane knirkar i vinden
veggane bølgjer, taket svaiar
golva syng ein eldgamal song
huset dansar
aleine
i forsommarnatta
utanfor blømer blomane
lenger borte bøyer trea seg innover
dannar ein knudrete mur
hit inn
kan ingen menneske komme
no lenger
det dansande huset
er trygt forvart
i skogen si hemmelege eventyrverd
Viser innlegg med etiketten hus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hus. Vis alle innlegg
mandag 11. mai 2020
mandag 8. januar 2018
fredag 3. november 2017
Dei stille steinane
tuftene
på gamlehuset
der
dei første steinane vart lagde
for
så mange sekund sidan
at
ingen kan telje dei
steinane
som har vore fundament
for
dette huset medan tida passerte
utanfor
og
føter har gått inn og ut
frå
barneføtene stampa over grunnen
vart
eldre, store føter
og
gamle, subbande over golvet
så
slutta føtene å gå
medan
nye kom til
og
hundreåra skifta
generasjonane
kom og gjekk
men
dei stille steinane
ligg
der endå
onsdag 10. september 2014
Our house
these walls are my love
keeping you safe
this door is my trust
letting you free
these window’s my friendship,
I give you my world
this floor is our faith
the ground which we stand
this roof is our hope
a cover through storms
this house will keep standing
as long as we live
this garden will grow
as long as we kiss –
Etiketter:
heim,
hus,
kjærleik,
love,
svart/kvitt
Abonner på:
Innlegg (Atom)