nye
portar vert opna i auga dine,
ein
veg gjennom landskap
i
mitt eige, skjelvande hjarte;
noko
stengt som no faldar seg ut
det
er noko som strøymer
i
blodet, ein motstraum
der
svarte tankar riv meg med
inn
i tåka, inn i regnfulle dagar
dette
er noko anna, ein impuls
via
hand i hand, auge mot auge
steg
i same retning:
inn
i livet, inn i det som held
det
er som to halve kart haldne saman;
vegen
vert tydeleg berre her
kor
hjarteslaga dine kan kjennast
som
ei skjelving mot mi eiga hud