dei blå vinterfargane dansar ein einsam dans over lerretet - ein malarmeister ser undrande på verket han har laga det er som det lever sitt eige liv la oss gje menneska glede som ein naudutgang frå eigne tankar penselen på ny i malarskrinet, nye fargar - varme, klare, glade og forsiktige over lerretet vert som lysande skilt i mørket, ein sti å gå, eit kart å lese ein veg gjennom alt det grå