eit
menneske
mellom
høge fjell
så
liten i det store universet
skal
tankane på dette store få rom
i
herberget
må
heile æva famnast
late
hjartet finne rytmen
lagt
på skapingsdagen
då
orda vart ikledde jord og vatn
og
ei form steig ut frå mørket;
eit
menneske, ein ævevandrar
så
liten
så
veldig liten
mellom
dei høge fjella
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar