Viser innlegg med etiketten sau. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sau. Vis alle innlegg

onsdag 15. juli 2020

Sommarprat

ein traktor som
ser ut som ein hest
kjem rullande over
diamantjordet

set seg til å prate
om Putin og Trump
og alle som ikkje var med
å luke i potetåkeren
då sjansen baud seg

eg klatrar høgare opp i eika,
finn meg ei grein
eg kan henge opp ned frå
medan sola er oppe,
gjer meg klar for mørket

ser sauene gli forbi på vinden
gjennom graset over meg,
tel dei
et dei
plantar nye
i fura bak traktoren

og alt saman skjer
der det oppstår
bak auga


mandag 2. juni 2014

Junilandskap



1
kan du høyre
det enorme fråværet
av lyd?

eit sus av ingenting
heilt stille,
berre insektsurr i vegkanten –

kan du sjå kor det glitrar
i tusen solrefleksjonar
nedi sjøen

der steinane ligg
og ventar
på bølgjer som ikkje kjem
- ikkje i dag

eg tek av meg skoa
går berrføtt over nyslått gras
juni har gjort sin entré




2
sirlig på rekke
ligg rastene, tause
som vitne om livet,
det som har vore
og det som vil komme

talar om mat
i harde vinterdagar

talar om varme
eit vern imot døden

talar om slit
om sveitte og tårer

talar om dei som har gått her
slått graset, overlevd
vinter på vinter, år etter år

talar om kunst
at nokre kunstformer
kan berre formidlast med gras –




3
det går eit grenseland
eit usynleg skilje
mellom oss som har mobil
og klokke og kalkulator
og datamaskin og bil og a-plan

og kalender, ikkje minst kalender

og dei som har tid
til å undre seg over
ein snåling
som stressar forbi

og kvifor han ikkje kan sjå
at det beste graset
er her, nettopp no

og at det er nok til å dele –

eg har ei vag aning
det er akkurat som
at det er eg som står på utsida
av dette skiljet –





4
det aller beste
med eit junilandskap
er at det ikkje treng
å vere så stort

det er meir enn nok med ein benk
eit lite bord å setje jordbærskåla på
ei busk som gir skugge
og litt gras der dei minste kan leike –