1
kan
du høyre
det
enorme fråværet
av
lyd?
eit
sus av ingenting
heilt
stille,
berre
insektsurr i vegkanten –
kan
du sjå kor det glitrar
i
tusen solrefleksjonar
nedi
sjøen
der
steinane ligg
og
ventar
på
bølgjer som ikkje kjem
- ikkje
i dag
eg
tek av meg skoa
går
berrføtt over nyslått gras
juni
har gjort sin entré
2
sirlig
på rekke
ligg
rastene, tause
som
vitne om livet,
det
som har vore
og
det som vil komme
talar
om mat
i
harde vinterdagar
talar
om varme
eit
vern imot døden
talar
om slit
om
sveitte og tårer
talar
om dei som har gått her
slått
graset, overlevd
vinter på vinter, år etter år
talar
om kunst
at
nokre kunstformer
kan
berre formidlast med gras –
3
det
går eit grenseland
eit
usynleg skilje
mellom
oss som har mobil
og
klokke og kalkulator
og
datamaskin og bil og a-plan
og
kalender, ikkje minst kalender
og
dei som har tid
til
å undre seg over
ein
snåling
som
stressar forbi
og
kvifor han ikkje kan sjå
at
det beste graset
er
her, nettopp no
og
at det er nok til å dele –
eg
har ei vag aning
det
er akkurat som
at
det er eg som står på utsida
av
dette skiljet –
4
det
aller beste
med
eit junilandskap
er
at det ikkje treng
å
vere så stort
det
er meir enn nok med ein benk
eit
lite bord å setje jordbærskåla på
ei
busk som gir skugge
og
litt gras der dei minste kan leike –