kanskje såg du løvetanndansen
i den milde brisen
ei stille sommarnatt
under snøen
ligg minna gøymt,
som eit teaterstykke utan regissør
ventar på nye vindar,
at nokon skal dra teppet til side
og orkesteret spele opp på ny
Viser innlegg med etiketten løvetann. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten løvetann. Vis alle innlegg
tirsdag 14. januar 2020
lørdag 24. januar 2015
Prikkar
1
det eine som skil seg ut
mot ein bakvegg
av skuggesette håp
det eine som veks i styrke
i dét mørket legg
sine klamme hender om verda
det eine som overgår dei andre
fordi det er nærare, større
og meir – verkeleg
det eine som skil seg ut
mot ein bakvegg
av skuggesette håp
det eine som veks i styrke
i dét mørket legg
sine klamme hender om verda
det eine som overgår dei andre
fordi det er nærare, større
og meir – verkeleg
2
eg ser verda lande i støvet
som eit dekk utan luft –
det er eit filter som raknar,
eg ser alle ting
som dei er
ei visse stig fram i kjølvatnet,
ei reaksjonsrekke i sinnet;
desse bygningane
fjella og skogane
er ein gøymestad
enn så lenge, enn så lenge –
eg ser verda lande i støvet
som eit dekk utan luft –
det er eit filter som raknar,
eg ser alle ting
som dei er
ei visse stig fram i kjølvatnet,
ei reaksjonsrekke i sinnet;
desse bygningane
fjella og skogane
er ein gøymestad
enn så lenge, enn så lenge –
3
i
dag er verda dekka av søle,
det siv vatn inn i sundslitte sko
regnet renn gjennom snøen
og alt er grått –
men under her, under dette laget
av sorg og nedstemte kjensler
ligg det noko og gror, noko som ventar
på si tid – sin sjanse
og atter byrjar å stige
som lyse reflektorar
av det eine som veks i styrke
det eine som overgår alt anna –
det siv vatn inn i sundslitte sko
regnet renn gjennom snøen
og alt er grått –
men under her, under dette laget
av sorg og nedstemte kjensler
ligg det noko og gror, noko som ventar
på si tid – sin sjanse
og atter byrjar å stige
som lyse reflektorar
av det eine som veks i styrke
det eine som overgår alt anna –
(Fototriss)
søndag 27. april 2014
Det krev mot -
å
trasse dødskreftene
trengje
seg fram til livet
endå
ein gong
å
stige fram
i
dei levande sitt land
og
leve i vissa
at
døden ventar der framme
å
skine i all si prakt
trass
alle som kjempar imot
alle
som ynskjer deg vekk
og
vil nekte deg retten til livet
å
klore seg fast
til
sitt eige hjørne av verda,
gjere
krav på eit areal
og
smile mot alle,
tolke
spyttklysene som gåver
å
vere ei kraft i seg sjølv
kjempe
seg fram
trass
alt
og
alle
og
attpåtil kunne trivast
under
alle forhold
Abonner på:
Innlegg (Atom)