kor ofte kan sykkelen smelte
inn i asfalten
smelte fast med eiker sprikande
mot ein blå himmel
i sommarsol, oversvømt
av sommarfuglar, vind
i kvar einaste løvetannkrone
mellom plenen og vegen
her smeltar sykkelen igjen
tenkjer me, kastar med hovudet
legg nye kotelettar på grillen
smiler til klokka
medan hjulet endå snurrar, sprutar
asfalt utover jordet
kastar sirkulerande skuggar
oppi ein hatt
og set den på hovudet
let verda fortsetje sin eigen sjø
med oss som blindpassasjer
under smelta plastikk
der hjulet grev seg ned i mold
og går i eitt
med ein raudnande kveldshimmel
er dette sommar
kviskrar me,
trør ein runde til
før grillen vert kald
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar