den ellevte dagen
sat eg på berget
utan å kjenne orda
som alltid kverna
i magen
alt eg kjente i halsen
var ei heil rad fiskebein
føtene er dekte av risp
frå sjøkorallar i draumemodus
sakte kravlande gjennom tareskogen
over hud og negl
- eit åkerlandskap
i undersjøisk perspektiv
berget held på varmen,
spreier det gjennom kroppen
til ein taus mann
i svart kappe
bak tause brilleglas
blenkjer ein sjø
korallblått
Du är kvar.
SvarSlettSkriver lika vackert ännu.
Sätter mig till ro och läser ...
Takk for det! Eg er her fortsatt, men vart nok litt meir "usynleg" då eg slutta å poste bilder til dei fleste dikta. Håpar du finn noko du likar!
SvarSlett