Viser innlegg med etiketten sår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sår. Vis alle innlegg

søndag 5. juli 2020

Song under vatn

den ellevte dagen
sat eg på berget
utan å kjenne orda
som alltid kverna
i magen

alt eg kjente i halsen
var ei heil rad fiskebein

føtene er dekte av risp
frå sjøkorallar i draumemodus
sakte kravlande gjennom tareskogen
over hud og negl
- eit åkerlandskap
i undersjøisk perspektiv

berget held på varmen,
spreier det gjennom kroppen
til ein taus mann
i svart kappe

bak tause brilleglas
blenkjer ein sjø
korallblått



fredag 11. august 2017

Sår kan gro



såret kan gro
såret kan lukke seg
over alt det vonde,
kle inne alt som stakk
som sverd i sjela

dekke over smerta
som endå er der,
den som duppar like under overflata
og berre somme tider dukkar opp

såret kan lukkast att,
huda lækjast – bli heil
og glatt
på ein ny måte, ein annleis måte
enn før

og arret står att som ein bauta,
eit merke over dagar du har levd
sorg du har møtt
gått gjennom, integrert
som ein ny, herda og bestandig del
av deg sjølv

tida går, sår kan gro
og minna falmar som i tåke,
men noko
noko
ligg att, vil – alltid – liggje  att
like under huda


torsdag 27. mars 2014

Trøytt




du er trøytt no
trøytt av å bli trakka på
trøytt av å ikkje kunne gjere  noko
med det
sidan det er du sjølv som trakkar –
og du trakkar mykje hardare
enn nokon annan ville gjort

du er trøytt no
det er ikkje vanskeleg å sjå,
du slår blikket ned
når eg treff deg i gata
torer ikkje møte blikket mitt, av frykt
for å høyre
det di eiga stemme ville sagt

du er så trøytt, så sliten
av all smerten
du påfører deg sjølv,
så trøytt av å bli sparka
når du ligg nede
så trøytt av å sjå
dine eigne fotspor
i ditt hardpakka indre landskap

du er trøytt no,
å, eg ber deg min venn
løft blikket;
slutt å slå nye sår
på deg sjølv
ta imot hendene vi rekker
mot deg

for du er trøytt no
og vi ser det
men du lest som du er aleine,
du lest som verda står med ryggen til –
og alt vi ser
er ryggen din